I draget

At Boye Brogeland–Espen Lindqvist er Noregs beste par no når Helgemo–Helness tilhøyrer Monaco, er det ingen tvil om.

I draget

I det siste må ein til og med seia at dei to nordmennene har vore i betre form enn monegassarane, med sigeren i Spingold som eit høgdepunkt. Det meste er botnsolide ferdigheiter. Men uttrykket som seier at «good players are always lucky», er det òg noko i. Som prov vil eg trekkje fram fylgjande tri spel, som førekom i laupet av ein og same sjuspelskamp, då lag Hauge møtte lag Tulla i måndagens siste runde i Ope NM lag.

Denne utgangen ser jo fullstendig daud ut. Men å ta fire toppstikk er ikkje alltid så lett: Ein veit ikkje som motspelar at speleførar har akkurat 2–2 i dei svarte fargane. I slike tilfelle, når dei korte fargane er løynde på speleførars hand, er det viktig å ha orden på fordelingssignala. 
 
Lindqvist spela spar ti ut til esset, og Brogeland tok før kløver ess. Kvifor Lindqvist no fylgde med åttaren, er eg usikker på, då eg ville trudd at dei brukte styrke/svakheit under asset. Brogeland spela no spar fem attende til åttaren, og no forstår eg heller ikkje heilt kvifor Lindqvist prøvde å ta for spar konge. Bruker dei ikkje norsk fordeling frå gjenverande? Tenkte Lindqvist at Brogeland ikkje kunne ha både dama og knekten i spar, når han spela femmaren attende? Men det er jo inga anna sparfordeling enn denne som «går an», for vest ville vel lagt i spar dame om han byrja med dame, knekt fjerde? 
 
Med dette motspelet stod plutseleg kontrakten, for 420 til aust–vest. Det måtte vel vera eit elendig resultat? Nei då. Lagkamerat Erik Sælensminde valde nemleg å passe med vests hand over sørs 1 grand. Det gjekk pass rundt, og forsvaret forsynte seg med inkje mindre enn elleve raude stikk! 500 til lag Hauge, og 2 IMP inn.

Her var det Brogeland–Lindqvist som melde normalt nok, men i teorien for hardt. Igjen handla det om kunsten å cashe dei fire motspelsstikka. Når bordet er kort ein i farge og motspelarane veit at det kan vera naudsynt å skifte sort, er det derimot ikkje fordeling som er det viktig lenger – då bør ein bruke lavinthal.
 
Vest spela kløver ess ut, og ifylgje BBO la aust toaren. Det kan jo stemme, viss motspelarane ikkje brukte norsk standard, små som styrke. Det normale er nok å leggje åttaren, eventuelt tiaren, men det er ikkje så farleg. Når vest held fram med kongen, er det heilt essensielt at aust legg den høgste kløveren sin, og at makker oppfattar dette som ynske om skift til høgste ledige farge. I visse tilfelle må ein med kasta under ess og konge signalisere om ein vil ha ein tridje runde til steling eller ikkje. Men når kløveren er meldt og støtta er ikkje det aktuelt lenger, og det andre påspelet bør absolutt vera lavinthal.
 
Aktuelt fylgde aust med seksaren under kløver konge, og vest fann ikkje sparskiftet, men spela derimot ein trumf. Brogeland drog då all trumfen, og tok til slutt ein ruterkutt for å få eit sparavkast. Då aust til overmål hadde kasta ein ruter undervegs, vart det overstikk, 650. På det andre bordet opna sør i 3 hjarter, som det gjekk pass rundt på, og resultatet vart 140. 11 IMP til lag Hauge.

Dette meldingsforlaupet har eg sympati for. Brogeland har inga ideell melding over 1 hjarter, og 3 ruter er trass alt den mest deskriptive meldinga. At Lindqvist passar med haugen av høy han hadde, er òg fullt forståeleg. Tilfeldigvis var det no slik at 3 grand steinstod, og 4 hjarter var heile elleve stikk med optimal speleføring. 
 
Dette måtte vel bli tapte IMP? På det andre bordet fekk nord–sør god assistanse, då Rune Hauge i aust blanda seg inn med ei opplysande dobling over 1 hjarter. Dimed kunne sør støtteredoble, og 5–3-tilpasninga i hjarter var lokalisert. Men då Sælensminde melde 1 spar, valde nord av ein eller annan grunn å hoppe til ein inviterande 3 hjarter, og no fekk sør naturleg nok slemambisjonar. Dei heisa seg opp i 6 hjarter, ein slem med null spel, og gjekk ei æresbeit. 200 inn der, og 150 på Brogeland– Lindqvists bord, var ein dobbeltscore verd 8 IMP.
 
Lag Hauge vann kampen 29–7 i IMP, 17,21–2,79 i VP.