Pingpong

Ved sidan av bridge, held eg bordtennis eller pingpong for å vera ein av verdas absolutt mest fascinerande idrettar. Så de kan jo berre førestille dykk mi ekstatiske glede, når pingpong blir spela ved bridgebordet.

Pingpong
Dette er faktisk noko som skjer ganske ofte: Ein kontrakt er beit med eit visst utspel, men så kjem ikkje det utspelet, men så spelar speleførar seg bort og er beit att, men så tråkkar motspelaren kontrakten på igjen, og så bortetter. Slikt kan vera vanskeleg å få det fulle oversynet over – om ein då ikkje har det festlege hjelpemiddelet GIB til rådigheit, dataprogrammet som med olympisk visdom kan fortelja nøyaktig kor mange stikk som til ei kvar tid teoretisk sett kan vinnast.

For ein bridgeskribent er det riktig nok viktig å hugse at bridgen er annleis ved bordet, for spelarar som ikkje ser alle korta. Men la oss likevel ta ein liten kik på ein pingpongmatch i NM Monrad par. Det var leiarparet etter fyrste dag, Arild Årmot–Finn Brentebråten, som gjekk sigrande ut av denne gymnastiske bataljen.

Mange bruker nok dobling jamvel frå ein som har meldt inn 1 grand, som opplysande og konkurrerande. Men Jan Kristen Lutro–Trond Are Nitter hadde avtalene i orden, og det gjekk pass rundt på straffedoblinga.

Det er fem openberre taparar i denne kontrakten – éin i spar, éin i hjarter, to i ruter og éin i kløver – og tilsynelatande har vest også krav på eit sjette stikk for spar ni. Problemet er at han veldig fort vil bli utsett for ein ekkel sluttspelsvariant. Den «enkle» måten å unngå det på, er at vest får kvitta seg med kløver ess og den vesle kløveren medan aust enno har inntak på ruter ess. For då kan aust setjast inn og spela ein tridje kløver, og det oppstår ein slags uppercut, som sikrar vest to trumfstikk.

Då Lutro diverre spela konge, dame og ein tridje ruter ut, stod kontrakten. Årmot fylgde opp heilt fint, ved å stela, ta spar ess, og ved synet av trumfsitsen skifte vidare til kløver knekt. Lutro stakk og spela ein ny kløver til kongen, og posisjonen var no fylgjande:
Då Lutro diverre spela konge, dame og ein tridje ruter ut, stod kontrakten. Årmot fylgde opp heilt fint, ved å stela, ta spar ess, og ved synet av trumfsitsen skifte vidare til kløver knekt. Lutro stakk og spela ein ny kløver til kongen, og posisjonen var no fylgjande:

No må Årmot, for å vinne i teorien, dra hjarter konge frå handa. Om vest stikk er han syrgjeleg sluttspela, med berre major att. Det er riktig nok tøft for speleførar å la hjarteren laupe til tiaren på handa, tilsynelatande ein «sportskutt», i og med at han har kløver dame i bordet som eit avkast av ein hjarter. Men eigentleg veit speleførar at vest berre har dobbel kløver: Vest byrja med fem spar, han hadde tri ruter og har allereie synt to kløver, og han må ha tri hjarter, fordi aust ikkje overførde til hjarter over 1 grand. Altså er det riktig, også i praktisk bridge, å dra hjarter konge.

Men Årmot spela liten hjarter. No var det beit om Lutro berre hadde lagt liten, for bordet må jo opp på dama. Ny hjarter vil då sikre vest to hjarterstikk, medan kløver dame som nemnt sikrar vest to trumfstikk.

Men Lutro stakk med esset! Det kunne han eigentleg vita at måtte vera feil, for makkeren hans hadde (iallfall ifylgje BBO) lagt rett fordeling i kløver, og som sagt kunne han ikkje ha fem hjarter sidan han ikkje overførde. Med andre ord måtte sørs fordeling vera 6–3–2–2, så det var ingen fare for ikkje å få for hjarter ess om no bordet hadde fått vinne dette stikket med hjarter dame.

Dimed stod kontrakten att, for no hadde Årmot kalkulert ut fordelinga. Med hjarter attende casha han to hjarterstikk (ingen forsøk på å ta for kløver dame!), og hadde endeleg berre konge, knekt, ti, åtte i spar att. Han fridde seg med spar knekt, og kva skulle Lutro med dame, ni, seks, fire gjera? Han var fanga, han kunne berre få eitt stikk.

Arild Årmot–Jan Kristen Lutro: 1–0 i pingpong.