Sløseri er ei daudssynd

Etter som folk har vorte meir raffinerte i motspelssignala sine, og meir utspekulerte kva gjeld falsecarding, skjer det stendig oftare at folk legg litt høgare kort enn det dei strengt teke er nøydde til i motspel.

Sløseri er ei daudssynd
Når det hjelper makker eller lurer motparten, er det jo veldig bra. Men av og til hadde makker kanskje vore like glad om du likesælt fylgde med dei lægste av småkorta dine.
 

Fyrst ei utspelsprøve, frå fyrste sesjon av Marit Sveaas-tevlinga.

ªKQ107
©54
¨KJ3
§8753

 

Du sit i vest i ugunstig sone, og høyrer to passar før sør opnar 1 hjarter. Du passar, nord melder 1 spar, sør hoppar til 4 hjarter, og det går pass rundt. Kva spelar du ut?
 
Alt kan vera rett, men eg ville styrt unna trumf etter dette meldingsforlaupet. Det er jo ingenting som tyder på at bordet har nemneverdige steleverdiar. Nokre valde kløver, som eg synst er for passivt. Andre prøvde ruter, der det saktens er gode sjansar for å få eit stikk eller to. Men Tor Eivind Grude valde det utspelet som gjorde motspelet lettast, nemleg spar konge. Har du ein sekvens så er det kanskje greitt å satse på han, lell om motstandaren til venstre har meldt sorten. Slik såg heile spelet ut:


Som vi ser, var sparutspelet godt. Det øydelegg effektivt inntaket til kløveren, der speleførar eigentleg har fire stikk slik sorten sit, men berre to utan kommunikasjon. Altså er det berre ti stikk i kontrakten med spar konge ut. 
 
Men så var det dette med lavinthal, eller kva det no var meint som: I andre stikk, då sør bad om liten hjarter frå bordet, spanderte Lars Arthur Johansen diverre hjarter ni. Sør var vaken nok til å ta for ess og dame i kløver, før han heldt fram med ein liten hjarter til den no store åttaren i bordet. To kløverstikk gav to avkast, og tolv stikk totalt. -47 i staden for +62 til ungdommane aust–vest.
 
Interessant nok vart det tolv stikk på elleve bord der det kom spar konge ut mot 4 hjarter. Kven veit, kanskje har sju rundar hjarter førd til ein effektiv pølseskvis, slik at sør har kunna tillata seg å stikke over kløveren på slutten. 
 
Den solitære toppen gjekk til Jørn Skryten–Harald Arnesen frå Birkeland BK, som vann den mildt sagt dårlege kontrakten 6 hjarter. Det kom trumf ut, og då trongst det berre at kløver knekt ikkje sat fjerde eller meir imot. Det gjorde han altså ikkje.