Alt til sin tid

 Når eg tidlegare var så freidig å skulde Boye Brogeland–Espen Lindqvist for å ha flaks, er det berre rett og rimeleg at eg òg dreg fram eit spel der flaksen deira verkeleg var fortent.

Alt til sin tid

Dette førekom i den tiande kampen av grunnspelet i Ope NM lag, der det dåverande leiarlaget Hauge skulle ut mot lag Sørvoll.

På det andre bordet opna Rune Hauge, uforståeleg for meg, med 3 spar i sør. Med hjarter ut til esset og hjarter attende til kongen, måtte det bli ei beit. Det var jo enno ein tapar i kvar av dei runde fargane, og to i trumf.
 
Terje Aa opna meir normalt i 2 spar, og ingen kunne melde noko. Hadde Brogeland som folk flest spela hjarter ut, ville ikkje dette vorte noko å skrive om. Men Brogeland har forstått noko som mange ikkje har forstått, nemleg at å spela ei langfarge ut mot motpartens fargekontrakt, ofte er tannlaust og utan effekt i motspelet. Det er større sjanse for å få tak i stikk i farger der ein ikkje sjølv er så lang. Difor valde Brogeland ein ruter. Aktuelt var det ikkje noko å hente der, men det vart rett av andre grunnar. 
 
Etter esset i fyrste stikk, heldt Aa fram med ein spar til knekten og dama. Brogeland tok det framleis heilt med ro, ingen paniske skift der, han spela ein ny ruter. Spar ti stakk Lindqvist med esset, for å skifte til ein liten hjarter. Han visste jo at makker måtte ha kløver ess, så om det no skulle vera kongen og ikkje dama Brogeland hadde i hjarter, ville det uansett ikkje bli nokon øydeleggjande blokade.
 
For Aa var det eit umogleg val. Lindqvist kunne like gjerne ha spela frå dama dobbel som frå esset dobbelt i denne situasjonen, der det er klårt at potensialet i motspelet utelukkande ligg i hjarter. Aa la difor ein liten. Brogeland kunne vinne med dama, spela hjarter attende til esset, få ein kløver til esset, og så gje Lindqvist ei hjartersteling, for ei beit.
 
Såleis vart eit potensialt tapsspel snudd til eit buttspel. Lag Hauge vann kampen 18–2 i IMP, 15,78–4,22 i VP.