Den einaste sjansen

Sømna og Trondheims Liv Marit Grude er eit friskt pust i norsk bridge. Ho har etter kvart mange imponerande resultat å syne til, ikkje minst under årets festival.

Den einaste sjansen

I det fyrste spelet frå sundagens andre kamp i NM mix lag, der leiarlaget Liggeunderlaget møtte lag Anne-Lill (i)da, fekk Grude vist god speleføringsteknikk. Er du ein middels spelar på jakt etter nye teknikkar som kan bringe deg oppover resultatlistene, kan du jo ta dette som ei lita speleprøve.


Utan meldingar frå motparten har du hamna i 4 hjarter i sør. Vest spelar spar konge ut. Med éin tapar i spar, éin i ruter og normalt berre éin i trumf, ser jo dette grønt ut. Men når du vinn utspelet med spar ess og legg ned trumfesset, er vest renons. Det inneber at aust har to bombesikre trumfstikk. Korleis skal du unngå å tapa ytterlegare to stikk?
 
Slik såg heile spelet ut:
Grude innsåg at den einaste reelle sjansen ho hadde her, var å finne aust med dobbel ruter. Då låg det til rette for eliminasjon og innspel, der aust blir tvinga inn i trumf i ein situasjon der ho berre har svarte kort att, og må spela til dobbeltrenons.
 
Framhaldet vart kløver konge, deretter ein spar. Som venta kom Eskil Monrad Hagen inn på dama, og han hadde ikkje noko betre å gjera enn å spela endå ein spar. Denne vart stolen i bordet. Deretter fylgde kløver ess med ruteravkast, kløver til steling, ruter til kongen og ruter til esset. Endeleg kunne Grude fri seg med trumf, og ganske riktig: Wennevold var fødd med dobbel ruter, og dimed var ho innspela. Ti stikk, og 420 til bokføring.
 
Det skal seiast at Anne-Lill Hellemann på det andre bordet fekk like mange stikk, etter ei tilsvarande speleføring. Ho var berre i 3 hjarter, så spelet gav 6 IMP til Liggeunderlaget. Men det var diverre dei einaste poenga Liggeunderlaget fekk i den kampen. Hellemanns lag vann 31–6 i IMP, 17,82–2,18 i VP, og stal då leiinga i tevlinga.
Sponsors

Follow us on Facebook