Ein hårfin fantomstamp

Trass i mange og djupe refleksjonar over bridgens komplekse terminologi, har eg aldri forstått kvifor eit så lite kjært barn som fantomstampen, òg går under dei søte og tilforlatelege namna «vaskestamp» og «plaskestamp». I fylgjande fantomstamp frå laurdag formiddag i operaen, var det så vidt det var vatn i balja.

Ein hårfin fantomstamp

 

Dei svenske veteranane Gunnar Andersson og Bengt Stahre har storspela så langt i Marit Sveaas-tevlinga. Også i dette spelet synst eg vi vart vitne til eit godt meldingsforlaup, der Andersson tok ein god kalkulert partevlingsrisiko ved å introdusere sparen over 4 hjarter. Det er stor «upside» ved den meldinga, for om makker ikkje har spartilpass, kan 5 kløver vera ein god stamp på mange hender som makker ikkje naudsynlegvis greier å melde 5 kløver på. Så tok tsjekkiske Vit Volhejn ei god avgjerd då han kjempa med 5 hjarter, og ingen kan vel klandre Stahre for å kjempe vidare med 5 spar.
 
Mot 5 spar dobla kom ruter ti ut til esset. I teorien må ein dukke utspelet for å unngå to beit, men Andersson stakk naturleg nok med esset. Han kunne ikkje vita at trumfsitsen var så hyggeleg, så han freista minimere beiteutbetalinga ved å kontre med ny ruter, til dama. Volhejn på si side ynskte å avgrense sørs krysstelingssjansar, og heldt fram med spar ess og spar. Dimed var kontrakten attende på éi beit, då Andersson ganske enkelt segla kløver konge, og etterpå hadde nok trumf til å stela god kløverfillene og koma seg inn for å hente dei.
 
100 på aust–vest var endå ein hyggeleg score for svenskane, +60. Optimum var det likevel ikkje, for korleis hadde det gått i 5 hjarter?
 
Ein spar kjem ut til esset, og hadde trumfen no sete 2–1, ville ikkje forsvaret hatt den ringaste sjanse for å få med seg to svarte stikk i tillegg til ruter ess, når no det sat framom. Men i dette tilfellet må speleførar straks dra tri rundar trumf, om ikkje nord skal få ei steling i kløver. Dimed er kommunikasjonen øydelagt. Vest vinn den siste trumfrunden på handa og spelar ruter ti, men nord legg sjølvsagt liten. Inne på kongen er bordet låst: Ein kan alltids dra ruter dame og felle knekten i sør, men ho dreg òg med seg niaren, og ruter åtte i nord er størst. Det blir altså ein tapar i kvar farge, og ei beit totalt. 
 
100 inn på svenskane hadde vel å merkje berre gjeve +76, ikkje mykje meir enn dei aktuelt fekk, så det var nok tryggast å ta den såkalla plaskestampen.