Eit strevsamt tilkjempa gull

Det vart ein gledeleg siger til mor og son Bogen i NM mix par. Men det var eit slit.

Eit strevsamt tilkjempa gull
Mora kjenner eg ikkje så godt, men alle som berre så vidt har møtt henne, forstår nok at ho er ein fargerik og morosam person. Eplet har i så måte ikkje falle langt frå stomnen, og sonen er i tillegg fargerik og morosam som spelar. I siste sesjon av NM mix lag var det likevel ikkje så mykje av den halvgalne, underhaldande Håkon Bogen-bridgen å sjå: Både han og mora sleit for å halde på leiinga dei lenge hadde hatt, og det skulle bli svært så nervepirrande. 
 
Men sidan dei trass alt vann til slutt, skal vi sjå berre eitt av dei dårlege spela, og to av dei gode. Her er det aller fyrste i sesjonen, som vi får seia var eit godt jarteikn.

Eg forstår at David Ueland i aust følte for å melde noko over 2 hjarter. At han ville spart seg nokre vanskar ved å opna 3 kløver, er ei anna sak. Valet av 2 spar førde til ein litt for høg og svært shaky sparkontrakt.
 
Det kan sjå ut til at 3 hjarter òg ville gått beit, men med den spesielle sitsen trur eg faktisk ikkje at forsvaret kan få med seg fem stikk. I alle fall vann nesten alle som spela hjarterkontrakt ni stikk, så mykje stod på spel imot 3 spar.
 
Håkon Bogen byrja med ein hjarter til esset. Anne Irene skifte liten spar, og Lisbeth Glærum var tilsynelatande i form då ho gjekk opp på kongen. Deretter spela ho som eg trur dei fleste ville gjort: Ho tok ruter ess, stal ein hjarter, og prøvde å ta for kløver ess for å sake ein hjarter. Men då Anne Irene var fri og kunne stela, måtte Glærum stela over. Ho spela trumf til esset, Anne Irene spela korrekt hjarter attende til Håkons konge, og han var vaken og tok for spar dame. Når han deretter fridde seg med kløver dame, kunne ikkje Glærum få meir enn eitt trumfstikk og ruter konge – Anne Irene tok den fyrste og den andre sonebeita med ruter dame og ein hjarter. 200 var naturlegvis ein score oppunder mønet.
 
For å berge med éi beit, som ville gjeve solid pluss, måtte Glærum ha halde fingrane unna kløver ess, og i staden teke ruterkutten medan ho enno var inne i bordet. Men det gjekk nesten ikkje an å spela slik. 
 
Glærum–Ueland skulle få si hemn på det siste spelet i runden, eit spel som vart symptomatisk for store delar av Bogen–Bogens siste sesjon.

Eg har sansen for meldingane til både mor og son her. Håkon melde forsiktig med 3 kløver, men støtta ho fekk var nok for Anne Irene, som såg det store potensialet i sjukortsfargen sin. Ved fyrste augekast er dette ein veldig god 3 grand, berre avhengig av kløveren 2–1, eller kva? Vel, i røynda er det ein blokade i kløver som gjer kontrakten problematisk sjølv om sorten skulle sitja rundt. Men no sat han altså 3–0, og David Ueland fekk til og med hekta på ei dobling.
 
Kontrakten er aktuelt kistebeit med alt anna enn ruter konge i utspel. Aktuelt kom ein spar til esset, før kløver ess fortalde om sitsen der. Anne Irene måtte berre halde fram med kløver til kongen, for å dukke ein runde ville førd til eit katastrofalt hjartergjennomspel. Så var det berre å setja liten sin til ruteren, men då heller ikkje han ordna seg heilt som ynskt, var det akkurat eitt stikk for lite, og ingen sjansar for det niande. 200 ut her var naturlegvis eit svært dårleg resultat.
 
Nokre fleire gladspel vart det, men særleg i sluttfasen fekk mor og son Bogen ei skremmande mengd veike resultat. Dei spela ikkje spesielt dårleg bridge, men draget var liksom borte. Før siste runde var nesten heile leiinga deira skrumpa inn, og då den avgjerande runden byrja med ytterlegare to møkkaspel, var dei forbigått på resultatlista. Heldigvis var det fart i det aller siste spelet.
Eg trur nok Håkon forstod at han trong eit gladspel her om det skulle bli gull, så han klaska til i beste Bogen-stil. 6 spar er ein nesten vasstett kontrakt, medan 6 grand med ruter ut ville vorte avhengig av sparkutten. Aktuelt greidde ikkje Jan Mikkelsen å finne utspelet, så Håkon vann den tvilsame kontrakten sin. 
 
Det skal seiast at dette, etter mi meining, slett ikkje er usakleg meldt. Eg kjenner ikkje avtala for 3 spar-meldinga, men ein må vel seia at det her heller var mor med sine 11 honnørpoeng som var ein smule undervektig. Hadde eg sete med kvalen i nord og høyrd makkeren min utføre eit sterkt hopp i spar, ville eg kjapt sikta meg inn mot 7 grand i partevling, men lagt han i 6 når det no ein gong mangla eit ess. Med litt andre kort i sør, kan ein jo kanskje til og med greie seg utan langfargestikk i spar i grandkontrakt, når kløveren normalt genererer sju kjappe stikk. Godt meldt, Håkon Bogen!
 
1440 var naturlegvis verd ein haug med poeng, og mor og son trong dei saktens, for marginen ned til Erik Eliassen–Hilde Bjørlo vart berre litt over 20 matchpoeng. På bronseplassen, ytterlegare 20 bak, fylgde Siv Thoresen–Sam Inge Høyland. Gratulerer til alle medaljevinnarane.
Sponsors

Follow us on Facebook