Grip sjansen

Når ein møter sjølvaste Zia og hans svært habile makker Jan Jansma, er det kanskje vanskeleg å tru at ein kan få ei lukrativ gåvepakke rett opp i fanget.

Grip sjansen
Men det var nettopp det islandske Hrannar Erlingsson fekk, og det i sundagens aller fyrste spel i Marit Sveaas-tevlinga, framfor augo på verdspublikummet på BBO. 
 
Før du går vidare, kan du spekulere litt på fylgjande motspelsprøve.
 
Det går to passar til sør, som opnar 1 grand. Det syner 12–14. Nord melder Stayman, sør viser fire hjarter med 2 hjarter. Nord inviterer med 2 grand, sør viser fire spar med 3 spar. Nord melder 3 grand, og det går pass rundt. Makker spelar spar sju ut til dama, som du får for, medan sør fylgjer med trearen. Kva no? Her står det over 170 poeng på spel, så eg føreslår at du bruker litt tid.

Her er fasiten: 

Meldingsforlaupet bør eg helst avstå frå å kommentere. Å greie å heise seg opp i 3 grand på 12 flate mot 11 flate i partevling, er ikkje ein taktikk eg vil tilrå. Denne utgangen er då også så dårleg at han knapt toler dagens lys. Men så skulle det likevel bli spenning.
 
Utspelet frå Zia var altså spar sju til dama. Jan Jansma skifte no til ruter dame, som ser tilforlateleg ut. Sør har jo neppe fire ruter når han òg har firekort i både hjarter og spar. I beste fall finn ein makker med ruter konge. Har sør derimot kongen, har ein tilsynelatande ikkje gjeve han noko meir enn eit ruterstikk han uansett har krav på. Å spela liten ruter kan derimot vera katastrofalt, av di sør kan få på både kongen og knekten. 
 
Men ruter dame var påtråkket. Alt speleførar treng å gjera etter ruter konge, er å ta dei fire hjarterstikka han får ved å toppe fargen, deretter kløverstikka, og så spela på den einaste sjansen han har, nemleg å sende i veg ein siste kløver. Aktuelt er aust sjanselaus, han må koma inn og han må spela unna ruter ess slik at bordet får stikk på knekten. 
 
Diverre spela Erlingsson i skisserte sluttposisjon ein spar i staden for ein kløver, noko som aldri kunne føre fram med mindre motstandarane plutseleg skulle gå heilt frå forstanden. Han gjekk ei beit, og noterte -73 på spelet. Heimgang ville gjeve +102.  
 
Om Jansma ikkje rører ruteren, oppstår ingen situasjon der speleførar kan få to ruterstikk. Så gjenstår spørsmålet: Var det livsfarlege motspelet berre uflaks, eller dårleg bridge?
 
Eg lurer på om Jansma reflekterte særleg grundig over korleis sparen eigentleg kunne sitja her. Det er vel trygt å gå ut frå makker har spela den minste sparen sin ut. Han har altså fire sparar over sjuaren, men ingen sekvens han fann det freistande å byrja med toppen av. At makker spelar opp i ein farge der han veit at grandopnaren har firekorts, er i seg sjølv ganske spesielt. Konge, knekt, ni, åtte, sju kan han kanskje til naud ha byrja med, men det er vel ikkje sikkert at speleførar med ess, ti fjerde ville lasjert. 
 
I det heile er det ganske mykje som tyder på at makker har spela ut frå ess, konge femte. I så fall kan ikkje ha makker ha ruter konge, han har maks ei dame eller to knektar, om sør skal ha så mykje som 12 honnørpoeng. Den aktuelle innspelsvarianten bør heller ikkje vera umogleg å sjå føre seg for ein spelar på Jansmas nivå. Så her trur eg vi kan konkludere med at det skjedde ein svikt i hjerneaktiviteten. 
 
Dette kan eg skrive fordi Jansma uansett ikkje skjønar nynorsk.