Kva skjedde?

Før siste kamp i NM Monrad lag, følte eg meg temmeleg trygg på at lag Hauge skulle vinne. Dei hadde dominert så langt i tevlinga, men så gjekk det altså plutseleg skeis. Kva skjedde i den siste kampen deira?

Kva skjedde?
Lag Hauge skulle ut mot det unge lag Nambawan, og det var ikkje mange vinnarpoenga leiarlaget trong å skrape saman for å vera sikre på å vinne tevlinga. Det var tri spel som ikkje gjekk Hauges veg, og i ein sjuspelskamp får dette sjølvsagt store konsekvensar. 
 
Det fyrste var eit hendig uhell i naturleg system.

Som vi ser er 4 spar ein glitrande kontrakt, men nordmennene melde som veldig mange andre nordmenn ville meldt. At Lindqvist til slutt løyste hjarteren, slik at han iallfall vann kontrakten for 120, var ei relativt mager trøyst. 
 
På det andre bordet brukte nemleg austerrikarane Michael Strafner–Simon Weinberger eit sterk kløver-system, og dimed gjekk det greitt for dei å finne spartilpasninga. Dei noterte 420, og 8 IMP inn. 
 
Det andre spelet var verkeleg uheldig for Brogeland–Lindqvist.


Godt meldt til ein glimrande slem, som berre er avhengig av sparen 3–2. Diverre sat sparen langt frå 3–2, og det måtte bli to beit. Ein skulle tru dette måtte bli eit buttspel, for med sparopning i sør kan jo nord knappast gje seg under slem. 
 
Men nei. Den austerrikske sterkkløveren sat openbert ikkje heilt som spikra, for etter innleiinga 1 spar–2 kløver; 2 ruter, melde nord 2 spar som krav – og sør sa pass! Å sitja på bord 1 i ei stor tevling og ikkje vita om denne sekvensen er krav eller ikkje, er jo ganske spesielt. Utruleg nok skulle austerrikarane få ein sjanse til, då Rune Hauge i utdøyande posisjon heldt oppe med ei dobling. Med berre låghonnørar i ugunstig sone, og mot eit såpass suspekt meldingsforlaup, framstår dette for meg som det glade vanvit. Hadde austerrikarane no plukka fram doblingar, ville dette vorte svært blodig. Men nord nøydde seg med å redoble, og hoppe til 4 spar då det gjekk to passar og Hauge tok ut i 3 ruter. At Erik Sælensminde straffedobla har eg ein viss sympati for, men no ville eg iallfall ha redobla med nords kort. Det gjorde austerrikaren heller ikkje, og 590 vart notert, for 12 IMP til lag Nambawan.
 
I det siste spelet vart valet av utspel fatalt.

Lindqvists dobling av den gode hjarterlyften 2 ruter var tilsynelatande opplysande mot hjarter, og Brogelands 2 grand må ha vist interesse for å kjempe i minor. Men det vart slutt på meldingane då Grude hoppa til 4 hjarter. Kontrakten går ei enkel beit med ruter ut. Diverre er Brogeland ein tenksam spelar: Han meinte at motspelarane her kanskje trong ein del stelingar her, og valde difor ein trumf i utspel. Det var sjølvsagt litt uheldig at det skulle sitja akkurat slik at kløveren no kunne setjast opp til eit ruteravkast, men sånn var det. Ti stikk, 620. 
 
På det andre bordet hoppa Sælensminde til 3 hjarter over Hauges 1 hjarter. Eg vil tru at det må ha vore ein slags invitt, men det var ikkje lett for Hauge å akseptere. Aust kom forresten imellom med ei opplysande dobling, så vest tok ut i 4 kløver, og det gjekk pass rundt. Der måtte det bli ei beit, men likevel vart det 11 IMP på lag Nambawan. 
 
Dei fekk også nokre andre små-IMP, og vann kampen heile 35–0 i IMP, 19,43–0,57 i VP. Då laget The Final Cut samstundes vann sin siste kamp 20–0, gjekk dei forbi Hauge og vann tevlinga. Nambawan kom seg opp på bronseplassen, marginalt fram lag Heimdal BK. Gratulerer til alle medaljørane, men kondolerer til lag Hauge med ei trist avslutning.