Samarbeidets kunst

Noko av det mest pikante med bridgen, i motsetnad til dømes til sjakk, er at ein faktisk må samarbeide med eit anna menneske.

Samarbeidets kunst
Det er sjølvsagt artig å kjefte på makkeren sin når han eller ho har gjort noko feil, men det hjelper fint lite på resultata. Det smartaste er tvert imot å freista hjelpe den stakkars makkeren sin, medan han eller ho enno kan hjelpast. 
 
I eit spel frå fyrste kamp i NM mix lag, var Steffen Fredrik Simonsen iherdig i hjelpa han ytte makkeren sin. Makkeren, som skal få lov til å vera anonym, tok diverre ikkje imot den utstrekte handa. Ta plass i vest, og sjå om du hadde gjort det betre. 


Sør opnar 1 kløver, nord svarar 1 ruter som naturleg, og makker din melder inn 1 hjarter. Sør hoppar til 3 kløver, nord melder 3 hjarter som spørsmål etter hald, og sør svarar 3 grand. Du byrjar pliktoppfyllande med hjarter ti, makkers farge, som går til liten i bordet, femmaren hjå makker, og esset hjå speleførar. Sør held fram med kløver til dama i bordet, makker fylgjer med tiaren, og ny kløver som makker legg hjarter dame på. Sei at du vinn denne runden med esset. Kva gjer du no?
 
Dette er instruktivt: Det naturlege i motspelet er jo at du held fram med fargen som makker har meldt inn og som du spela ut. Men når makkeren din på eit tidleg tidspunkt kastar frå denne fargen, bør det innebera at det likevel ikkje er noka von i denne sorten – makker vil at du skal skifte farge. Då er det i tillegg nesten gratis å bruke det såleis at eit lågt avkast i sorten indikerer ynske om ein låg farge, medan eit høgt avkast bed om ein høg farge. Hjarter dame er eintydig: Spel spar, makker! 
 
Slik såg heile spelet ut: 

Då vest heldt fram i hjarter, hadde speleførar ni kjappe stikk, medan sparskift ville gjeve ei like kjapp beit. Merk at dette er eit av mange døme som dukkar opp, på at ein av og til ikkje har råd til å leggje styrke i den sorten ein vil ha skift til: Om aust freistar kaste styrke med spar seks i andre kløverrunde, har han kasta frå seg beita! Det skal seiast at han kan lykkast om han i staden kastar spar ess, men høgt kort syner vel svakheit …? Det var ein spøk, men aust kan jo ikkje vita at vest har fire spar, så å halde alle sparane er obligatorisk.
 
Det var forresten ein detalj til som eg ikkje nemnde i oppgåva, men som ein ser i meldediagrammet: Simonsen dobla haldspørjemeldinga 3 hjarter. Her reknar eg med at han og makker hadde ei god avtale, som makkeren aktuelt må ha gløymt. For Simonsen hadde jo ingen grunn til å doble for å syne hjarter, sorten han allereie hadde meldt. I slike tilfelle gjev det å doble for å «insistere» på utspel i eigen farge berre fordelar til motparten, då dei får ein slags ekstra melderunde, med moglegheiter for ytterlegare undersøkingar av kvaliteten på det eventuelle haldet sitt, gjennom pass og redobling og Gud veit kva. Det lure er å bruke dobling av haldespørjemeldingar som ynske om eit anna, unaturleg utspel – eit ynske som Simonsen saktens hadde her. Men vart det oppfylt? Nei og atter nei. 
Sponsors

Follow us on Facebook