Kasper Konows verste mareritt

Før siste spel i Marit Sveaas-tevlinga var det danskane Kasper Konow–Mikael Askgaard som leia. Diverre for dei var det eit enormt svingpotensiale i tevlingas aller siste spel.

Kasper Konows verste mareritt
Konow–Askgaard skulle ut mot to Snåsa-kallar som er godt kjende i det norske bridgemiljøet, men kanskje ikkje like profilerte i Danmark. Her på berget veit vi at dei er trugande til kva som helst. 
 
I det fyrste spelet i siste runde var nordmennene sine eigne verste fiendar, då Hegge uforståeleg opna i 1 hjarter på 9 honnørpoeng og ein singel konge, og dette i fyrstehand ugunstig sone. Det var nok eit forsøk på å skapa poeng og ein spurt, men enda med tri sonebeiter og +50 til danskane. Riktig nok hadde dei ein svært vanskeleg 4 spar i korta, men det var berre to par i heile salen som noterte 420. Utfordrarane Marion Michielsen–Per-Ola Cullin hadde derimot 530 i 3 spar dobla med heimgang på dette spelet, så dei rykka litt nærare leiarparet. 
 
Det nest siste spelet var nokså uspennande. Askgaard opna i ein noko tung 2 hjarter, og Konow passa ned med sine 14 og dobbel hjarter. Korta passa perfekt saman, og då hjarter konge sat i kapp, var det heile elleve stikk. 200 inn gav dei berre -21, så dei var langt frå åleine om ikkje å melde utgangen.
 
Så kom det siste spelet.

No, tenkte eg, har det omsider klikka for denne Hegge. Eg har ikkje fått noka forklåring på 2 hjarter-meldinga, men veike kort kunne ho umogleg syne, så doblinga var mildt sagt risky business. Men igjen: Han følte nok at han trong eit skikkeleg gladspel for å klatre oppover på lista. 
 
Gratulerer til Konow og Askgaard, tenkte eg òg. For eg nytta den såkalla GIB, som fortalde meg at denne kontrakten stod uansett utspel. Men alt er enkelt med opne kort. I praksis var det verre. 
 
Hegge spela ruter dame ut til esset, og diverre valde Konow no å satse på feil hest. Å spela hjarter mot bordet for å freista etablere eit stikk der, eller å halde fram med ruter konge og ruter med plan om å stela i bordet, fungerer aktuelt bra. Men Konows line var naturleg nok: Han drog tri høge kløver med hjarteravkast. Men den siste kunne Hegge stela, før han vakent underspela hjarter ess. Inne på kongen kunne Kippe spela ein høg kløver, stolen med åttaren, før Hegge igjen var vaken: Han stal ikkje over, men kasta i staden ruteren sin. Konow hadde ikkje anna å gjera enn å leggje ned ruter konge, men no kunne Hegge stela, og spela ess, konge og endå ein spar. Slik vart det ingen ruterstelingar i bordet, men derimot to rutertaparar, for totalt to beit og 600 ut. 
 
Det var ein delt botn (med eit par som gjekk to redobla beit i 4 spar), medan Michielsen–Cullin på det same spelet noterte ein tridelt topp, då dei noterte 800 inn mot 3 hjarter dobla aust–vest. Skulle det då bli dei som vann tevlinga? 
 
Nei, far og son Helness hadde 500 inn på rundens fyrste spel, mot 2 hjarter dobla. Så melde dei den harde, men gode 4 hjarter-kontrakten i det andre spelet. Så avslutta dei med å vinne 3 spar dobla på det aller siste spelet – og dimed var det gjort! 
 
Store gratulasjonar til fjorårsvinnarane, med den utrulege prestasjonen å vinne endå ein gong. Gratulerer også til Michielsen–Cullin på andreplass og Kvangraven–Tundal på tridjeplass – og kondolerer til Konow–Askgaard med fjerdeplassen.