Rett farge fyrst

Poenget i tysdagens fyrste spel i Ope NM lag, er eit som stendig dukkar opp i forskjellige forkledingar.

Rett farge fyrst

På bord 1 møtte Team Atlantic, eit lag av glade norske laksar, det multinasjonale lag USA/SWE/NOR. Fylgjande spel gav 10 kjappe IMP i Team Atlantics retning.

Meldingsforlaupet var det same på båe bord. Team Atlantics Finn Brandsnes fekk det lett, då Steffen Fredrik Simonsen valde ein kløver i utspel. Eg må seia eg har dårleg røynsle med denne typen utspel, for sjølv om sparutspelet skulle koma til å servere speleførar eit stikk direkte, så kan de hende at motspelet vinn tempo på det. Her fekk Brandsnes god tid til å setja opp båe dei raude fargane (han greidde sjølvsagt ikkje å toppe ut ruter konge), så resultatet vart ti stikk, 430.
 
Med spar ut, som Kåre Mathias Beyer valde, blir det meir hektisk for speleførar, som må innom båe dei raude fargane for å koma til ni stikk. Den amerikanske sponsoren Gary Gottlieb vann med dama i bordet, drog ein kløver til kongen, og segla ruter dame. No kunne Brekke halde fram i spar, og med inntak på hjarter ess sat Beyer på beita. 10 IMP til Team Atlantic, som vann kampen 10–6 i IMP; 11,77–8,23 i VP.
 
Men dette var tankelaust spela; kontrakten er nedlegg uansett utspel. Speleførar må berre passe på å gå på hjarteren før ruteren. Vest, som har sparen og difor er den farlege handa, kan ikkje ha noko inntak i ruter, der den eventuelle kongen hans sit framfor esset. Men i hjarter kan han ha eit inntak, og det må bort så fort som mogleg. Ein bør difor spela kløver til handa i andre stikk, så ein hjarter mot bordet. Denne gongen kjem esset, svært komfortabelt, på med éin gong. Deretter dukkar ein sparreturen, og kan seinare trygt gje bort stikk til ruter konge. Det blir ti stikk og buttspel.