Teori i praksis

Jo meir bridgeteori ein kjenner til, di lettare er det å gjera det riktige også i praksis. 

Teori i praksis
Som ei lita prøve, om du ikkje er av dei mest garva spelarane, kan du jo ta ein kik på fylgjande fargekombinasjon.
 
AQ932
 
K654
 
Fem lette stikk, eller kva? Det kan vel umogleg spela noka rolle korleis du handsamar denne fargen? Normalt ikkje. Men av og til sit jo ein farge maksimalt uheldig, i dette tilfellet 4–0. Har aust fire spar, har han eit sikkert hald i sorten. Men er det vest som har fire, kan knekten og tiaren knipast opp mot ess, dame og ni i nord. Det fordrar vel å merkje at du ikkje fyrst har audsla vekk ein av desse høge. Det klårt riktige her er altså å leggje ned kongen, for å sjå om aust er renons.
 
Siste spel i laurdags fyrste sesjon av Marit Sveaas-tevlinga, baud på eit døme der denne klassiske teknikken kom til sin rett.

Eg tviler på at særleg mange melde som skissert over, men om folk hadde brukt gamle og enkle metodar, ville det kanskje gått nettopp slik. Eller vel, i gamle dagar hadde nord kanskje aldri opna …
 
På eit av BBO-borda kom det ein spar ut til knekten. Speleførar skal få vera anonym, men eg kan seia såpass at det var ein tidlegare president i Norsk Bridgeforbund, med initiala J.S. Han la ned ruter ess i andre stikk, og no var det umogleg for han å få meir enn ni stikk, ettersom han måtte gje bort eit stikk i ruter, og forsvaret no hadde tid til å setja opp sparen. Dette gav han -7 på spelet. 
 
Med det aktuelle utspelet ser eg liten grunn til ikkje å spela ein ruter til kongen heller enn å ta for ein høg ein i bordet. Det gjer riktig nok at ruteren isolert sett blir blokkert. Men overgangane i hjarter er jo så gode at det ikkje byd på noko problem. I tridje stikk går ein ruter mot bordet, og vest bør splitte. Så ein hjarter til esset og ny ruter til kutt, og den siste ruteren frå bordet. No går det an å bli grådig og freista ein kløver mot kongen. Då kan forsvaret likevel halde kontrakten på ni stikk, sjølv om det er langt frå sikkert at dei gjer det, ved å ta tri kløverstikk og spar ess. Vil ein vera på den sikre sidan, kan ein derimot berre godspela eit andre sparstikk, og ein er då garantert ti stikk. Det ville gjeve +69.
 
Det skal seiast at dei som spela kontrakten frå den andre handa, gjerne fekk hjarter ut, og dimed ei større utfordring. For no er det litt meir krøkkete med kommunikasjonen, og noko farlegare å blokkere ruteren ved å spela ein liten ein til kongen fyrst.