Eit lag med langt namn leier NM mixlag

Laget med det noko kronglete namnet Presten, gudinna, abbeden og herskerinna stod utan tap fram til den siste kampen fyrste dag i NM mixlag. Så gjekk dei på ei lita mine mot Marihønelaget, men ikkje verre enn at dei overnattar på topp. 

Vi skal sjå på nokre pene spel signert laget eg heretter vel å kalle PGAH. Men la det fyrst vera sagt at dei faktisk berre kjem på andreplass i konkurransen om lengst lagnamn i NM mixlag, då namnet Alla vill till himlen och åka limousin forstås er endå ein god del lengre. Spørsmålet er kva som skjer med rekneskapsprogrammet Ruter, dersom nokon i ei seinare tevling insisterer på eit lagnamn som ikkje får plass på éi line på dataskjermen. Det ville vore dumt om heile bridgefestivalens datasystem skulle kollapse på grunn av eit slikt infernalsk påfunn. 
 
Men til bridgen. Fylgjande spel kom i dagens tridje kamp, då PGAH møtte Di derre. 

På det andre bordet byrja meldingsforlaupet identisk, men nord valde å passe over vests 2 ruter, meir normalt slik eg ser det. Virginia Chediak høyrde då makkeren preferere til 2 spar, og melde vel kanskje ein tanke for hardt då ho gjekk på ein gong til med 3 ruter, mot ein makker som høgst sannsynleg har fåe honnørpoeng, dobbel spar og maks tre ruter. 2 spar kunne vorte interessant, men 3 ruter måtte bli beit.
 
Eit dårleg spel for lag PGAH? Nei då. Den andre vest måtte altså sjå motparten melde seg opp i 3 grand, sjølv om han  hadde 17 stål på handa. Med ruter ut må det bli beit, for vest får sett opp ruteren før speleførar får sett opp sparen. Det må vel vera meir sannsynleg at makker har tri ruter og to spar enn omvendt, så ruterutspel peikar seg ut i mitt hovud. Men vest valde ein spar, og dimed kunne ikkje Anne Lene Krogh-Vennemo Johnsen (turneringas lengste personnamn) gå beit i den steinharde utgangen. 7 IMP til lag PGAH.
 
Eg synst Johnsen–Olsen meldte betre på dette spelet, som skriv seg frå den sjette kampen, mot lag Lått og løye.

Slemmen er riktig nok i hardaste laget. Sit ikkje trumfen 3–2 er jo alt mørkt, og sjølv om han sit, er ein avhengig av at noko hyggeleg skjer i dei raude fargane. Sit hjarter ess framfor, er det nok med ein ruterfisk. Sit hjarter ess tridje framfor, kan ein til og med få god hjarteren, slik at ein ikkje blir avhengig av ruterfisken. Eller – siste moglegheit – motparten kan koma til unnsetjing i utspelet. I praksis var det det som skjedde, då vest valde å sørve ruter dame! Det ser unekteleg spesielt ut med dame, knekt i kløver på si, men til hans forsvar skal det seiast at makkeren hans kunne ha dobla kontrollmeldinga 4 hjarter. Nord–sør kan i teorien redoble og vinne ti stikk i 4 hjarter, men etter mi meining bør ein nytte alle høve ein får til å hjelpe makker med utspelet. 

Med ruter dame ut var alt is og brus for Johnsen, for sjølvsagt saga ho opp ruter ti i aust. Med eit anna utspel vågar eg vedde nokre kronestykke på at ho hadde gått beit. På det andre bordet var kontrakten berre 4 spar, så dette gav 11 IMP til lag PGAH.

Det siste spelet vi skal sjå på, skriv seg frå den nest siste kampen i dag, der leiarlaget møtte lag Norges navle.

Også på det andre bordet valde Johnsen i vest å ta det med ro over sør si grandopning, og buskpassen gav full utteljing, då motparten i neste augneblink var i 3 grand. Det var berre å halde fingrane unna den freistande raudlappen, og innkassere dei sju fyrste stikka i motspel. Tri sonebeiter.

Men mot Chediak–Fasting vart vest utolmodig etter Stayman-sekvensen. Det blir litt inkonsekvent, etter mi meining må ein anten hive seg inn i fyrste melderunde, eller satse for fullt på den ambisiøse planen om å få spela imot ein grandkontrakt. Eg gissar på at Espen Fasting hadde tenkt å melde grand over makkers 2 ruter, men no gjorde han sjølvsagt ikkje det. 3 ruter var ei naturleg melding, neppe nokon sleminvitt etter førehandspass, men ein sterk indikasjon på manglande sparhald. Chediak hadde heller ikkje sparhald, så ho støtta ganske enkelt ruteren, og Fasting konkluderte klokeleg med at 5 ruter ville vera i overkant. Aktuelt var det akkurat ti stikk, for 130 og 10 IMP til lag PGAH. 

Held dei fram med den gode og heldige spelinga siste del av tevlinga, kan dette laget bli vanskeleg å slå. Men det er nok mange som ikkje har tenkt å gje seg utan kamp, så her skal det bli spennande å fylgje med.   

 
 
Sponsors

 

Follow us on Facebook