Å grande eller ikkje grande

Overskrifta er ikkje så catchy som ho kunne vore, for det er sjølvsagt ingen som seier «å grande». Det måtte i så fall innebera å stemme på Trine Skei Grande, noko eg ikkje har planar om. Nei, verbet skal sjølvsagt uttalast «å grange», men datamaskinen aksepterer ikkje ei slik staving.

Å grande eller ikkje grande

Det er uansett eit av dei store spørsmåla i bridgen: Når ein skal ein melde grand, og når skal ein spela med trumf? I den tridje kampen i Ope NM lag var det ein god idé å unngå 4–4-tilpasninga i hjarter. 

Slik melde Jan Einar Sætre–Rune Brendeford Anderssen for lag Cecils venner, i kampen mot Audun Gustavsen–Liv Bugge på lag Norges navle. Eg synst det er litt merkeleg av Sætre å passe 3 kløver med firekorts hjarterstøtte og desse kanonhonnørane, men det fungerte jo greitt no. Om han no hadde sagt 3 hjarter, kunne jo Anderssen «granga» uansett.
 
Uheldigvis valde Gustavsen ein spar i utspel, og dimed var kontrakten enkel. Med ein naturleg motspelsglipp vart det endåtil ti stikk, 630. For å beite kontrakten måtte Gustavsen ha spela ut ein kløver mindre enn dama.
 
Dette gav 12 IMP til lag Cecils venner, då Reidar Johnsen–Sivert Bakk på det andre bordet kom i 4 hjarter. Bakk opna i 1 ruter (noko eg òg liker å kunne gjera), og Johnsen svara 1 hjarter. Det kom 2 kløver inn, Bakk sa 2 hjarter, og no visste jo Johnsen at kløveren var verna også i hjarterkontrakt. Så han sa 4 hjarter. Men den var umogleg slik korta sat, og berre ein motspelsglipp gjorde at det ikkje vart to beiter. 
 
Så er det lett å tru at denne vesle artikkelen er ein slags hyllest til dei store genia som greidde å melde 3 grand med 4–4-tilpasning i hjarter. Men det var ikkje intensjonen. Anderssen kunne sjølvsagt ikkje melde anna enn 3 grand. Men faktum er jo at 4 hjarter er ein betre utgang enn 3 grand, jamvel om ein veit at kløveren sit bak kongen, og det kunne lett ha vorte slik at Anderssen gjekk to beiter i 3 grand med kløver ut, medan Johnsen fekk heim 4 hjarter. 
 
Så spelet provar eigentleg ingenting anna enn det vi allereie veit, nemleg at flaks og uflaks òg spelar inn i bridgen.